logo

Helse Vest IKT AS

Helse Vest IKT AS leverer utstyr og tenester innanfor IKT-området til spesialisthelsetenesta i Helse Vest.

Helse Vest IKT har ein todelt funksjon

  • produsere IKT-tenester.
  • bidra til innovativ bruk av IKT i helseføretaka.

Kompetanseområder og temasatsinger

Helse Vest IKT AS leverer IKT-tenester på områda drift, produksjon, brukarstøtte, levering og installering av brukarutstyr, systemforvalting, systemintegrasjon, assistanse ved innføring, utfasing og endring av system, opplæring, rådgiving og prosjektleiing.

ITIL - IT Infrastructure Library

Helse Vest IKT har implementert ITIL-prosessar for å sikre beste praksis ved leveranse, drift og support.

Metodikk for arkitekturarbeid

Helse Vest IKT er ein pådrivar for å etablere og forvalte verksemdsarkitektur i Helse Vest.

Prosjektmetodikk

Helse Vest IKT er eit kompetansesenter innanfor program-, prosjekt- og testleiing og skal levere leiarkompetanse til IKT-relaterte program og prosjekt.

Gevinstrealisering

Ansvaret for gevinstrealisering for IKT-løysingar som vert innført i helseføretaka ligg i føretaka. Helse Vest IKT vil bidra med å lage ein praktisk tilnærming og byggje på «dei gode eksempel». Helse Vest IKT skal i denne samanhengen bidra til utvikling av metodikken og fokusere på mål for program og prosjekt som kan etterprøvast.

Innovasjon

Helse Vest IKT skal være ein pådrivar i IKT-innovasjon med spesielt fokus på å skape gode brukaropplevingar. Helse Vest IKT skal òg bidra aktivt i innovasjonstiltak i helseføretaka, der IKT er involvert.

Visjon, strategiar og mål

  • Helse Vest IKT AS skal bidra til ei betre helse-teneste ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Visjonen er å bidra til ei forenkling av pasient-handsaminga i vid forstand.
  • Helse Vest IKT AS skal vere leverandør av IKT-produkt og IKT-tenester til spesialisthelsetenesta i Helse Vest, med særleg fokus på føretaksgruppa Helse Vest.
  • Helse Vest IKT AS skal vere den føretrekte IKT-leverandøren basert på kosteffektivitet, kvalitet, nærleik, bransjekunnskap og brei erfaring.
  • Selskapet skal bidra til at løysingar vert kjøpt inn, innført og forvalta i tråd med brukarane sine behov og føretaksgruppa sine strategiske mål.