logo

Vestlandsforsking

Vestlandsforsking er eit regionalt forskingsinstitutt som utfører forsking og utvikling for næringsliv og offentleg sektor.

Vestlandsforsking er eit regionalt forskingsinstitutt som utfører forsking og utvikling for næringsliv og offentleg sektor. Instituttet har ein tverrfagleg profil og forskingsområda er klima og miljø, reiseliv og IT. Forskinga er forankra i Sogn og Fjordane, og instituttet er på den nasjonale og internasjonale FoU-arenaen.

Kompetanseområde og temasatsingar

Regional utvikling, e-forvalting og offentleg organisering

Desse temaene har saman med IT-system og brukargrensesnitt lagt grunnlaget for utvikling av forsking innan e-helse og velferdsteknologi. Instituttet har deltatt i nasjonale og internasjonale prosjekt omkring infrastruktur og breiband, og har spelt ei sentral rolle i prosjekt knytt til etablering av elektronisk meldingsutveksling i alle kommunane i Sogn og Fjordane.

Velferdsteknologi

Sidan 2013 har dette vore eit særleg satsingsområde for instituttet som har vore ein sentral aktør i prosjektarbeid med velferdsteknologi for kommunane i Sogn og Fjordane.

Visjon, strategiar og mål

Vestlandsforsking leverer kunnskap for eit ope og berekraftig samfunn som skal bidra til innovasjon og berekraftig utvikling for å møte dei store samfunnsutfordringane. Vestlandsforsking utfører tverrfagleg, løysingsorientert forsking.

Instituttet skal ivareta den regionale rolla som kunnskapsutviklar og -formidlar i samspel med bedrifter og offentlege verksemder i regionen. Instituttet deltek i Forskningsrådet sitt VRI-program.

Verdiane til instituttet er: vidsynt, ansvarleg og samarbeidsvillig.

Oversikt over eksisterende datamateriale og kartlegginger på e-helse

Vestlandsforsking har vore sentral i ei serie prosjekt som omhandlar innovasjon innan e-helse i Sogn og Fjordane, frå fokus på Norsk HelseNett, utbygging av infrastruktur for kommunikasjon, og utvikling av elektroniske meldingar i fylket.

Prosjektet "Velferdsteknologi for kommunane i Sogn og Fjordane" er hausten 2016 inne i si tredje fase. Prosjektet har gjennom dei tre fasane vektlagt

1) kunnskapsutvikling, mobilisering og forankring i kommunane

2) etablering av erfaringsbasert kunnskap

3) overgang frå pilot til operative løysingar.

Som ein del av desse prosjekta har instituttet gjort ei kartlegging av status for e-helsesatsing i kommunane i fylket, og evaluering av pilotar i kommunane som jobbar med å etablere erfaringsbasert kunnskap.

Rapportar frå prosjektet er tilgjengeleg på www.vestforsk.no.