logo

Helse Vest RHF

Helse Vest RHF (regionalt helseføretak) har det overordna ansvaret for spesialisthelsetenesta i Rogaland og Vestland fylke.

Helse Vest RHF sørgjer for at kring 1,1 million innbyggjarar i regionen får dei spesialisthelsetenestene dei har krav på.

Verksemda omfattar spesialiserte helsetenester innanfor fysisk helse, psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Våre hovudoppgåver er å sørgje for pasientbehandling, opplæring av pasientar og pårørande, utdanning av helsepersonell og ​forsking.