Høgskulen på Vestlandet
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største utdanningsinstitusjonane i landet, med om lag 17.000 studentar. Kvart år uteksaminerer vi 4.500 kandidatar som er med på å løyse viktige samfunnsoppgåver.
HVL har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og maritime utdanningar, lærar-, kultur- og idrettsfag, natur- og samfunnsvitskap, og økonomi og leiing. Den overordna ambisjonen vår er å bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil. Les om universitetsambisjonen.
HVL har fem campusar på Vestlandet: Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.